Klik op een omslag om naar Google Boeken te gaan.
Bezig met laden... Luft, vind, ingenting: Hamsuns desillusjonsromanar frå Sult til Ringen sluttet (Norwegian Edition)door Atle Kittang
Geen Bezig met laden...
Meld je aan bij LibraryThing om erachter te komen of je dit boek goed zult vinden. Op dit moment geen Discussie gesprekken over dit boek. Geen besprekingen
Geen bibliotheekbeschrijvingen gevonden. |
Actuele discussiesGeen
Google Books — Bezig met laden... GenresDewey Decimale Classificatie (DDC)839.82Literature German and related languages Other Germanic literatures Danish and Norwegian literatures Norwegian literatureLC-classificatieWaarderingGemiddelde:
Ben jij dit?Word een LibraryThing Auteur. |
Av Knut Hamsun har vi laga oss eit Janus-ansikt, spila ut mellom fascinasjon og fordøming: livsdyrkar og romantisk forførar, Nobelprisvinnar og reaksjonær ideolog. Men bak dette doble biletet, løyner det seg ein annan diktarprofil, urovekkande og forbløffande moderne. Atle Kittangs bok er ein freistnad på å gripe denne «eigentlege» Hamsun, slik vi kan finne han i den lange rada av desillusjonsromanar, spreidde omkring i forfattarskapen frå byrjing til slutt: Sult, Mysterier, reise- og vandrarbøkene, Konerne ved vandposten, Ringen sluttet.
Hamsun-kritikken har alltid hatt vanskar, med desse romanane, intrikate og framåndvorne som dei er. Dei handlar om konflikten mellom røyndom og illusjon, om erotikken som uoppfylleleg begjær, om individets blindvegar i det sosiale spelet. Men først og sist handlar dei om vilkåra for kunsten - for Hamsuns eigen kunst: fantasiens grunnlag i mangelen, saknet, tomleiken, og skrivarens ironiske medvitom kunsten som desillusj on. Slik får Hamsuns desillusjonsromanar ein særeigen plass i den europeiske modernismens kraftfelt, jamsides James Joyce og Marcel Proust, Italo Svevo og Louis-Ferdinand Celine.
Og ikkje minst: jamsides Sigmund Freud. Når impulsar frå psykoanalysen spelar ein sentral rolle i Kittangs tol-kingar, heng ikkje det saman med noko ønske om å «psykoanalysere Hamsun». Meininga er tvert imot å syne korleis diktarens modernitet er nøye i slekt med den revolusjonen i vår menneskekunnskap som Freud gj ennomførte i same tidsrommet - frå Sult til Ringen sluttet.
Atle Kittang (1941) er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har bl.a. gitt ut bøker om hovudfigurar, i fransk poetisk modernisme (Arthur Rimbaud og Paul Eluard) og om moderne litteraturteori, og ellers skrive ei rad med artiklar i tidsskrift og antologlar.